Lyrics

Eit lite tre, ei stjerne stor
Vi går i ring
Vi går i ring
For alt som lever, alt som gror
så går vi rundt eit lite i kor
for fred og glede over jord
  
Ei stjerne i den mørke natt
Vi snur oss mot
Vi snur oss mot
I stjerna vinkar dei som for
Dei helsar ifrå stjerna stor
med ljos og trøyst til oss på jord
Ei hand som held i hand og hand
Frå land til land
Frå land til land
Brør og systrer, far og mor
Eit kjærleiksband frå sør til nord
for fred og glede over jord
Eit lite tre, ei stjerne stor
Vi går i ring
Vi går i ring
Så hentar vi dei fagre ord
og held dei fram slik at dei gror
i fred og glede over jord
Written by: Odd Nordstoga
instagramSharePathic_arrow_out