Lyrics

Joleklokker over jorda,
ring no høgt frå tårn og tind,
ring no ut dei sæle orda:
Fred frå Gud i alle sinn!
Ring for heile folkehopen,
ring og kim i nord og sud,
til me skodar himlen open,
til me får ein smil av Gud!
Fader send din fred til alle
dei som sit i sorg og sut,
ljose himmelklokker kalle
dei frå lidingsnatta ut!
Sår ligg verda etter krigen,
hatet brenn som eld og eim:
Fader, reis no himmelstigen
opp til deg frå kvar ein heim!
Klokker vidt om verda kime
mildt til alle hjarto ned:
I vår Frelsars Fødselstime,
arme jord, ha jolefred!
Ring for heile folkehopen,
ring og kim i nord og sud,
til me skodar himlen open,
til me får ein smil av Gud!
Written by: Anders Hovden, Rikard Nordraak
instagramSharePathic_arrow_out